Universell utforming

Universell utforming av ikt inneber at brukarane – uavhengig av sine føresetnader – på ein god og enkel måte skal kunne ta i bruk både nettsider og automatar som dei brukar i kvardagen. Å føre tilsyn med universell utforming av ikt er ei av dei fire rollene til Digdir. Vi følger opp at nettsider, appar og sjølvbetjeningsautomatar i offentleg og privat sektor er utforma i samsvar med regelverket. I 2020 vart behovet for gode, digitale sjølvbeteningsløysingar ekstra tydeleg, og vi opplevde auka etterspurnad for informasjon og kurs om universell utforming.

Mål Resultater
1

Fremje etterleving av regelverket for uu av ikt gjennom:
• Effektive tilsyn på samfunnsområde med høg risiko
• Saksbehandling innan fastsette fristar
• Rettleiing om regelverket og fagområdet

Tre tilsyn avdekka særleg mange feil knytta til skjema
Vi lanserte nye nettsider og uka besøkstala med 25 prosent
Bruken av e-læringsmodulane auka med 47 prosent
Vi er godt i gang med å digitalisere tilsynet
2 Nasjonalt og internasjonalt fagorgan for uu av ikt - gjennom
• Formidling av kunnskap gjennom - kartleggingar, analysar statistikk og data
• Bidrag til utvikling av standardar og regelverk, nasjonalt og internasjonalt
Vi starta prosjekt for å formidle fleire analysar og meir data
Vi førebudde innføringa av EU-krav om synstolking og direktivet WAD

Resultat for samsvar med krav per tema for tilsyn i 2020

Nettstaden uu.difi.no/uu.tilsynet.no — talet på brukarar 2016-2020