Offentleg postjournal for Digitaliseringsdirektoratet

Digitaliseringsdirektoratet publiserer normalt sin offentlege postjournal på eInnsyn. På grunn av omlegging av interne system er journalpostar frå og med 20. november 2019 ikkje tilgjengelege på eInnsyn, men blir publisert fortløpande på denne sida.

Postjournalen er tilgjengeleg kronologisk i pdf-format. For kvar journalpost framgår saksnummer, dokumentnummer og tittel.

Slik søker du innsyn:

  1. Opne postjournalen (pdf). Du kan bruke søkefunksjonen i pdf-dokumentet dersom du søker etter bestemte ord eller saksnummer
  2. Oppgi dokumentnummer på dokument du ber om innsyn i, og send bestilling på e-post til postmottak@digdir.no

Vi handsamar innsynsbestillingar fortløpande.

Vi forventar å komme i gang med normal publisering av vår postjournal inkludert fulltekstpublisering av dokument på eInnsyn med det første. Når dette er klart, vil alle journalpostar og dokument også frå nedeperioden vere søkbare på eInnsyn.