Kommunikasjon

Kommunikasjon er eit viktig verkemiddel for å spreie kunnskap om nye digitale løysingar og auke kompetansen i offentleg sektor. Digdir legg vekt på å utvikle effektive og brukarorienterte tenester for hjelpe flest mogleg brukarar med minst mogleg bruk av ressursar. Arbeidet i 2020 var prega av at vi skulle utvikle eit nytt direktorat og samstundes takle utfordringane som koronaåret førte med seg. Vi måtte løyse ein rekke arrangement digitalt, og brukte ekstra ressursar til i prosjekt, til beredskap og til mediehandtering.

Mål Resultater
1 Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som hjelper fleire for mindre Vi lanserte digdir.no og nye nettsider for Tilsynet for universell utforming og Samarbeidsportalen
Dei fleste brukarane finn det dei leiter etter, og forstår det dei finn.
2 Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med Vi brukte ein utfordrande situasjon til å finne nye løysingar og styrke det digitale kompetansetilbodet
Deltakarane opplevde arrangementa som nyttige og gode
3 Vi bruker kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir Vi nådde fleire lesarar
Talet på saker med positiv vinkling auka
4 Vi styrker klart språk Vi etablerte eit samarbeid med Språkrådet og KS
Vi planla konkurranse saman med satsinga StartOFF

Høg medieskår på tre av fire roller

105 % auke på ID-porten hjelpesider: Frå 1,5 millonar til 3 millionar økter

20 % auke på uutilsynet.no: Frå 70 066 til 98 582 økter

4 % auke på altinn.no: Frå 63,1 millonar til 65,8 millionar økter

Høy mediescore på tre av fire roller

Graf: Høy mediescore på tre av fire roller

Les hele fagregnskapet