Kapittel 2: Introduksjon til verksemda og hovudtal

I 2020 hadde Digitaliseringsdirektoratet sitt første leveår. Samfunnsoppdraget vårt er å vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av samfunnet. Vår nye visjon er "Saman for ein enklare digital kvardag", og vi har lansert dei tre verdiane påliteleg, inkluderande og uredd. I staden for å følge planen vi hadde lagt for å utvikle ein ny, felles organisasjon, måtte vi verte kjende gjennom å samarbeide tett og levere rekordraskt då koronakrisa ramma. I dette kapitlet vert du betre kjend med Digdir og samfunnsoppdraget vårt.

Abstrakt fremstilling av deling av data. En hånd plukker opp en firkant.