Dette er Digitaliseringsdirektoratet

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av samfunnet.

Regjeringa har ein ambisjon om at offentleg sektor i Noreg skal vere verdsleiande på digitalisering. Det skal mellom anna skje gjennom fellessatsingar og tenester for å skape éin felles digital offentleg sektor. Det inneber at staten, kommunane og heile forvaltningsapparatetet skal samarbeide med næringslivet og frivillige organisasjonar, slik at vi –saman – kan utnytte dei moglegheitene digitalisering gir oss og kan skape. Digdir si rolle er å trekkeutviklinga i den retninga som tenerfellesskapet best. Digdir skal også sørge for at Norge handterer utfordringane digitaliseringa kan medføre, til dømes på informasjonssikkerheit og personvern. Og ikkje minst: Digitalisering handler om teknologi, men handler minst like mykje om menneska teknologien skal fungere for. Innbakt i regjeringa sin ambisjon ligg det difor ein klar marsjordre til Digdir om å legge til rette for og skape gode møter mellom teknologien og menneska, anten dei er innbyggarar, frå næringslivet eller representerer ein frivillig organisasjon. Saman skapar viinnovative løsninger som bidrar tilnæringsutvikling og verdiskapning.

Alt dette ligg i Digdir sin visjon: Saman for ein enklare digitalkvardag. Kort oppsummert er vårt samfunnsansvar formulert slik: Digdir skal vere regjeringa sitt fremsteverktøy for raskare og meir samordna digitalisering av samfunnet – i tettsamarbeid med mange andre aktørar i både offentleg og privat sektor.

I praksis inneber det eit omfattande sett av oppgåver, tenester og ansvarsområde, som vart samlaunder same paraply då Digdir vart oppretta 01.01.2020. Det skjedde ved at Altinn og deler av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og deler av det tidligere Direktoratet forforvaltning og ikt (Difi) gjekk samanfor å danne spydspissen på digitalisering. Samtidig vart avdelingfor leiing og avdeling for utgreiing og analyse overført frå Difi til Direktoratet for økonomistyring, somskifta namn til Direktoratet forforvaltning og økonomistyring (DFØ).Frå 1.9.2020 vart også avdeling for offentlege anskaffingar overført frådet nye Digitaliseringsdirektoratet til DFØ.

Figur - Deler av informasjonsforvaltning miljøet, Altinn og Difi overføres fra Brønnøysundregisterne til Digdir, mens avdelingene for Ledelse, Utredning og analyse og Anskaffelser flyttes til DFØ.

Verdiane våre:

Verdiane våre ligg som ei overbygning over alt vi gjer. Verdiane uttrykker vi gjennom stikkorda påliteleg, inkluderande og uredd, og det er dette som skal kjenneteikne oss i alle rollene vi har og arbeidsoppgåvene vi utfører.

Verdien Påliteleg handlar blant anna om at kan stole på at vileverer som forventa, følger oppbeslutningar og tek ansvar for helskapen.

Verdien Inkluderande handlar til dømes om at vi er ein arbeidsplass med plass for alle, jobber prestisjelaust saman med kvarandre og andre, set pris på andre sin kompetanse — og at vi feirar kvarandre.

Verdien Uredd handlar til dømes om at vi tør å utforske ukjent terreng, at vi tør å utfordre — og å bli utfordra, og at vi er ambisiøse på eigne og kvarandre sine vegner.