Det nasjonale økosystemet for digital samhandling og tenesteutvikling

«Alle» som er opptekne av å skape samanheng mellom offentlege tenester, snakkar om det nasjonale økosystemet – som sjølvsagt ikkje er eit økosystem i bokstaveleg forstand. Men kva er det då?

Den korte forklaringa er at det nasjonale økosystemet handlar om korleis vi tenkjer på og tilnærmar oss digital samhandling og tenesteutvikling. Omgrepet «økosystem» er henta frå naturen og handlar om korleis alt heng saman med alt. Det vil seie korleis alle dei levande organismane heng saman med, og vert påverka av, miljøet dei lever i. Dette gjeld både for dei små økosystema, for eksempel ein vannpytt, og for det store universelle økosystemet som omfattar heile kloden vår. Når vi bruker «økosystem» om nasjonal, digital samhandling og tenesteutvikling, er det fordi samanlikninga er openberr.

Omfattar alle fellesløysingane

Ulike verksemder, tenesteområder og bransjar utgjer ulike, små økosystem. Ein innbyggar som til dømes blir sjuk, skal gjennom eit arveoppgjer eller starte eit føretak, treng ofte tenester frå fleire av desse små økosystema. Dersom vi skal makte å utvikle gode, digitale tenester, må vi sjå heilskapen og forstå korleis tenestene heng saman, både i – og mellom – økosystema. Her kjem det felles, nasjonale økosystemet for digital samhandling og tenesteutvikling inn. Det består av grunndataregister og andre nasjonale felleskomponentar, IT-løysingar og tekniske plattformer. Dette er ressursar vi i større grad bør dele på for å samle, lagre og analysere data, og for å utvikle brukerretta, samanhengande og effektive digitale tenester. Difor er det nasjonale økosystemet navet i Digdir sitt oppdrag. Vi leier arbeidet med å samordne utviklinga av økosystemet slik at det skal bli eit best mogleg miljø for samhandling og tenesteutvikling i kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder – og for ny verdiskaping i
næringslivet.

Sju prioriterte livshendingar

Eit viktig mål i digitaliseringsstrategien er at brukarane skal oppleve at tenestene heng saman, uavhengig av kven som leverer tenesta. Les meir om de sju livshendingane her.