Hopp til hovudinnhald

XHTML er eit markeringsspråk som følger XML-standarden i staden for SGML som HTML bygger på. XHTML kan sjåast som ei utvida utgåve av HTML 4.0 og er både etterfølgar av HTML og ein separat standard.

Standarden inngår i følgande bruksområde:

Er XHTML obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområda som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om XHTML

XHTML er ein familie med noverande og framtidige dokumenttypar og modular som er reproduserte og utvikla basert på HTML 4. XHTML dokumenttypar er XML basert, og er designa for å virke i samsvar med XML-baserte brukaragentar.

Kvifor bruke XHTML?

Døme på fordelar ein kan oppnå ved migrering til XHTML:

  • XHTML er i samsvar med XML-standarden og kan dermed validerast med XML verktøy
  • XHTML dokument vil fungere minst like bra, om ikkje betre enn i HTML 4
  • XHTML kan nyttegjerast av applikasjonar (til dømes scripts og applets) som er avhengige av anten HTML dokument objektmodellen eller XML dokument objektmodellen.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: ISO/IEC 13818-7:2006

Type standard: Format for å strukturere informasjon på nettsider

Språk: Engelsk

Organisasjon: W3C