Hopp til hovudinnhald

SVG (Scalable Vector Graphics) er eit format for publisering av bilete, inkludert skalerbar grafikk.

Standarden inngår i følgande bruksområde:

Er SVG obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområdet som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om SVG

SVG er eit XML-basert filformat for markeringsspråk som beskriv todimensjonal vektorgrafikk. Formatet er skalerbart og er implementert i meir enn èin nettlesar. Bruk av SVG-filer er i dag avgrensa av manglande støtte frå nokre eldre nettlesarar, hovudsakleg eldre versjonar av Internet Explorer. Det er anbefalt å supplere SVG-filer med ein punktgrafikk versjon, helst i PNG-format.

Kvifor bruke SVG?

Standarden er anerkjend og vert halden ved like av ein ikkje-kommersiell organisasjon (W3C/ISO), og har vorte utvikla gjennom ein open, transparent og ikkje-diskriminerande prosess. Standarddokumenta er gratis tilgjengelege, og kan vidareformidlast. SVG er ikkje omfatta av patentar som føreset royalties.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: SVG versjon 1.1 (14.01.2003)

Type standard: Skalerbart grafikkformat

Språk: Engelsk

Organisasjon: W3C