Hopp til hovudinnhald

PNG er eit format for publisering av bilete med tapsfri komprimering.

Standarden gjeld for følgande bruksområde:

Er PNG obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområda som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om PNG

PNG (Portable Network Graphics) er saman med GIF den mest utbreidde standarden for tapsfri komprimering av bilete for bruk på nettsider.

Kvifor bruke PNG?

PNG støttar store fargedjupner og kan inkludere ein full alfakanal (for delvis gjennomsiktigheit). Standarden er anerkjend og vert vedlikehalden av en ikkje-kommersiell organisasjon (W3C/ISO). Utviklinga har skjedd gjennom ein open, transparent og ikkje-diskriminerande prosess. Standarddokumenta er gratis tilgjengelege, og kan vidareformidlast. PNG er ikkje omfatta av patentar.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: ISO/ IEC 15948:2004

Type standard: Tapsfritt bileteformat

innskanna dokumentformat

Språk: Engelsk

Organisasjon: ISO/IEC