Hopp til hovudinnhald

MP3 er eit format for lagring av tapsbasert lyd.

Standarden gjeld for følgande bruksområde:

Er MP3 obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområda som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om MP3

MP3 er ein særs utbreidd standard for tapsbasert lydkomprimering. Den vert brukt til avspeling av musikk på digitale avspelingsmedium.

Kvifor bruke MP3?

MP3 er en anerkjend standard som vert halden ved like av ein ikkje-kommersiell organisasjon (ISO). Utviklingsprosessen har vore open, transparent og ikkje-diskriminerande. Standarddokumenta er tilgjengelege mot avgift, men kan ikkje vidareformidlast. Det er knytt patentar med royaltykrav til standarden.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: ISO 11172-3:1993

Type standard: Tapsbasert lydkomprimering

Språk: Engelsk

Organisasjon: ISO/IEC