Klart språk i digitale tenester

Klart språk handlar om at innbyggarane, frivillige organisasjonar og næringslivet skal kunne finne det dei treng, forstå det dei finn og få gjort det dei skal. Digitaliseringsdirektoratet samarbeider tett med Språkrådet og KS for å fremje klart språk i staten, i kommunane og i privat sektor. I denne samanheng skal Digitaliseringsdirektoratet fremje klart språk i digitale tenester.