Klart språk gir resultat - eksempelhefte

Klart språk er med på å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor. Men kva er dei meir konkrete resultata for innbyggjarar, stat og kommune?

I heftet "Klart språk gir resultater" presenterer tidligera Difi ti døme på effektar av klarspråksarbeid i ti verksemder. Det er verksemdene sjølve som har skrive tekstane. Døma viser at klarspråk kan gje ulike effektar, på ulike område og for ulike målgrupper.

Dei ti døma kan vonleg vere både nyttige og inspirerande – for klarspråk løner seg! Langt fleire enn dei verksemdene som er presenterte her, har utført effektivt og effektfullt klarspråksarbeid. I åra som kjem, vonar vi at enda fleire verksemder i stat og kommune kan dokumentere gode resultat og effektar av dette arbeidet og dele dei med oss og andre.