Time kommune: Foren burettslag

Time kommune står for utbygginga av sju sjølveigarbustader for unge funksjonshemma, der den einskilde bueininga er tilpassa behova til brukarane. Løysinga skal gi sjølvstendige brukarar og effektiv drift for kommunen.

Foto av gruppe mennesker fra Time kommune

Behov

Time kommune fekk førespurnader frå foreldre til funksjonshemma ungdommar om at det var behov for nye omsorgsbustader tilrettelagt for den einskilde brukaren. Kommunen hadde samtidig registrert at det var behov for å samlokalisere omsorgsbustader med heildøgns omsorg dei komande åra.

Om prosjektet

Kommune: Time

Løsningstype: Samskaping

Behovsområde: Velferd

Start: 2014

Slutt: I gang

Kontakt: Odd Magne Amdahl

Prosess

I 2014 kontakta seks foreldrepar Time kommune med ønske om å bygge private omsorgsbustader for ungdommane sine. Kommunen så at ei samlokalisert løysing kunne vere meir effektiv og gi meir brukartilpassa tenester enn tidlegare. Kommunen avtalte eit møte med foreldregruppa og kopla på Husbanken for å sjå kva støtteordningar som eksisterte.

Time kommune laga så ei oversikt over behovet til dei funksjonshemma ungdommane og deira foreldre, kva erfaringar andre kommunar hadde gjort seg med liknande arbeid og kva støtte dei kunne få frå Husbanken. Med denne kunnskapen bestemte kommunestyret å arbeide vidare med prosjektet «Foren burettslag». Brukarane har vore aktivt med i heile prosessen, og løysingar i burettslaget har vorte testa ut saman med brukarane.

Ein føresetnad for prosjektet var at minst to av foreldra skulle representere brukarane i plan- og prosjektarbeidet.

Løsning

Omsorgsbustadene er planlagde og tilrettelagde for den einskilde bebuar, med stor grad av brukarmedverknad i planleggingsfasen. Bustadene er også bygd med tanke på å ta i bruk velferdsteknologi for å gi brukarane mest mogleg sjølvstende, tryggleik og meistring. For å kartlegge behovet til brukarane har Time kommune tatt i bruk kartleggingsskjemaet frå nasjonalt velferdsteknologiprogram på samveis.no.

Det som er nytt er at kommunen står som utbyggar og at foreldre/verje skal danne eit burettslag der kommunen er representert. Når omsorgsbustadene står ferdige skal kommunen selje bustadene til kvar einskild brukar, mens kommunen eig personalbasen. Det er laga vedtekter som regulerer salet av omsorgsbustadene.

Effekt

Time kommune har involvert brukarane i plan- og prosjektarbeidet i langt større grad enn tidlegare. Dette gjer at kommunen kan levere betre på dei faktiske behova til brukarane.

Funksjonshemma ungdommar har fått sin eigen bustad saman med andre ungdommar i liknande situasjon. Ungdommane som bur i same burettslag kjenner kvarandre godt frå oppvekst, barnehage, skule og avlasting. Samlokalisering av bustadene vil derfor gi ein sosial gevinst for ungdommane.

Målet er at brukarane skal oppleve meistring, tryggleik og auka livskvalitet.

Kommunen har fått erfaring i kartlegging av brukarbehov for velferdsteknologi. I tillegg har kommunen tatt i bruk tenestedesign som metode og opplæring av tilsette i velferdsteknologi.

Skalering

Foren burettslag har vore fronta i aviser, tv, Facebook, kommunale konferansar og fagnettverk. Time kommune skal også bidra med innlegg på fellessamling i Norwegian Smart Care Cluster i 2017.

Samtidig har prosjektet vorte presentert for foreldre, tilsette og politikarar i andre kommunar.

Erfaringer

Ved at ungdommane og foreldra er deltakarar i plan og prosjektarbeidet får dei eit eigarforhold til prosjektet. Dette gir stor entusiasme og mange konstruktive forslag til prosjektutviklinga.

Utviklinga av Foren burettslag hadde nytt godt av å ha ein tilsett frå omsorg til å følge prosjektet frå A til Å. Dette ville sikra kontinuitet frå byggefasen til driftsfasen og gitt prosjektet god prosess ved innflytting i burettslaget. Dette vil Time kommune prioritere i andre liknande prosjekt.