Kva er innovasjon?

Innovasjon er eit omgrep som det kan vere vanskeleg å forklare. Det er mange ulike oppfatningar om omgrepet, mange ulike tilnærmingar til faget og ikkje minst mange ulike definisjonar.

Vi har valt følgande definisjon som leietråd for vårt arbeid med innovasjon:

Innovasjon er å fornye eller lage noko nytt som skapar verdi for verksemd, samfunn eller innbyggarar. Forma er eksperimenterande og løysinga er ikkje kjend på førehand.

Digdir

Dette er ein definisjon som ikkje berre handlar om dei bedriftsøkonomiske sidene ved innovasjon. Meirverdi for samfunnet er ein viktig faktor når vi snakkar om innovasjon i offentleg sektor, fordi ein må sjå på både bedriftsøkonomiske resultat og samfunnsøkonomiske fordelar. Noko som er samfunnsøkonomisk lønnsamt er ikkje nødvendigvis bedriftsøkonomisk lønnsamt og vice versa.

Føremålet med innovasjon i offentleg sektor kan med andre ord vere å skape både sosial og økonomisk verdi. Sosial verdi kan vere å utvikle betre tenester for borgarane, til dømes ved å korte ned ventetida på sjukehusa. Økonomisk verdi kan vere både auka inntekter og sparte utgifter.

Kontakt