Digitaliseringsprisen 2022
Kven vinn prisen for årets digitale suksesshistorie?

Også i år gjer vi heder og ære på ei eller fleire verksemder som har utmerka seg med gode digitaliseringsprosjekt. På Digitaliseringskonferansen i august kårar vi vinnaren av Digitaliseringsprisen 2022.
Det ligg ei klar forventning frå regjeringa om at offentleg forvalting skal utnytte moglegheitene som digitalisering gir for å lage gode tenester for brukarane og samtidig effektivisere forvaltinga. På konferansen vil dei som har lukkast best med å møte desse forventningane få prisen for sitt arbeid.
Fristen for å foreslå kandidatar gjekk ut 29. april. Juryen vil plukke ut tre finalistar som skal kjempe om prisen. Sjølve kåringa skjer under festmiddagen på konferansen 22. august.
Kriteria som blir lagt til grunn er:
- Offentleg sektor er tenesteeigar
- Bidrar til å realisere regjeringas digitaliseringsstrategi
- Eit samarbeid på tvers av offentlege verksemder, sektorar og gjerne offentleg-privat sektor som bidrar til ein enklare digital kvardag
- Set brukaren i sentrum
- Ei innovativ digital løysing/teneste
- Deler og bruker data på ein god måte
- God bruk av nasjonale fellesløysingar
- Kan vise til klare gevinstar og/eller eit høgt gevinstpotensial
Årets jury
Ein jury leia av Digitaliseringsdirektoratet vil velje ut tre finalekandidatar som blir presentert på konferansen. Sjølve kåringa av årets digitale suksesshistorie blir gjort av deltakarane på Digitaliseringskonferansen ved ei digital avstemming.

Liv Dingsør

Marianne Hofseth-Olsen

Øystein Eriksen Søreide

Øyvind Husby

Kristin Weidemann Wieland

Olav Skarsbø
Tidlegare vinnarar
- 2021: Folkehelseinstituttet: MSIS labdatabase
- 2019: NAVs nye netteneste for foreldrepengar
- 2018: DSOP-samarbeidet: Samtykkebasert lånesøknad
- 2017: NAV med Digital sykefråværsoppfølging
- 2016: Deichmanske bibliotek Tøyen
- 2015: A-ordninga til NAV, Skatteetaten og SSB