Større pott til medfinansiering av digitaliseringsprosjekt

Digitaliseringsdirektoratet skal i år dele ut 187,9 millionar til digitaliseringsprosjekt, ein auke på 60,7 mill. kr frå 2019. Søknadsfrist 20. februar 2020.

Ordninga skal gi betre tenester og reelle gevinstar

Digitaliseringsdirektoratet forvaltar medfinansieringsordninga for delfinansiering av samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringsprosjekt. Ordninga skal bidra til å realisere regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi fram mot 2025. Prosjekta som får støtte skal gi reell gevinstrealisering, betre tenester og ein meir effektiv offentleg sektor.

Dette er nytt

Nytt av i år er at potten blir fordelt på to kategoriar prosjekt:

  1. Små og mellomstore digitaliseringsprosjekt, med prosjektkostnad mellom 5 og 50 mill. kr. Dette er som i 2019.
  2. Prosjekt som støttar opp under målet som samanhengande tenester i digitaliseringsstrategien og har prosjektkostnad opptil 100 mill. kr. Her er det to grupper aktuelle prosjekt: 
  • tverrgåande prosjekt (samanhengande tenester). Tiltak som gjeld dei sju prioriterte livshendingane i digitaliseringsstrategien blir prioriterte.
  • strategisk prioriterte fellesløysingar (plattformar, infrastruktur m.m.)

Prosjekta i kategori 1 kan få dekka opptil 50 % av total prosjektkostnad, men maksimalt 15 mill. kr per prosjekt. Prosjekta i kategori 2 kan få dekka opptil 85 % av dei totale prosjektkostnadene. Det kan gis støtte over tre budsjettår.

Det må vere ei statleg verksemd som står som søkjar om medfinansiering, men andre statlege verksemder, kommunar, næringsliv m.fl. kan vere samarbeidspartar.

Prosjekta må dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame

Det kan gis støtte over tre budsjettår. Prosjekta må dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame, og dei må levere ein forpliktande gevinstrealiseringsplan. Verksemda som får medfinansiering får behalde 50 % av eigne netto gevinstar, dei øvrige 50 % skal tas ut som reduksjon i budsjettet. Dersom andre statlege verksemder får netto gevinstar over 5 mill. kr, må 50 % av dette tas ut som reduksjon i budsjetta.

Slik søker du

Søknadsfristen er 20. februar. Sjå søknadsmalar og få meir informasjon.