Søk om medfinansiering til digitaliseringsprosjekt

Regjeringa har i statsbudsjettet for 2021 satt av 189,5 millionar kroner til medfinansiering av digitaliseringsprosjekt. Alle statlege verksemder kan søke før 20. januar 2021.

08. okt 2020
Sedler

Ordninga skal gi betre tenester

Digitaliseringsdirektoratet forvaltar medfinansieringsordninga for delfinansiering av samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak. Ordninga skal bidra til å realisere regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi fram mot 2025. Tiltaka som får støtte skal gi betre tenester og ein meir effektiv offentleg sektor.

- Medfinansieringsordninga er ein viktig bidragsytar for å realisere Regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi. Det er spesielt digitaliseringstiltak som kjem innbyggjarar og næringsliv til gode som bør søkje om midlar. Vi håpar mange nyttar seg av moglegheita.

Avdelingsdirektør Grete Orderud

To kategoriar av prosjekter kan søke

Det må vere ei statleg verksemd som står som søkjar om medfinansiering, men andre statlege verksemder, kommunar, næringsliv m.fl. kan vere samarbeidspartar. Vi medfinansierer to kategoriar tiltak:

  1. Små og mellomstore digitaliseringstiltak, med prosjektkostnad mellom 5 og 50 mill. kr. Tiltaka kan få dekka opptil 50 % av total prosjektkostnad, men maksimalt 15 mill. kr.
  2. Tiltak som støttar opp under målet om samanhengande tenester i digitaliseringsstrategien og har prosjektkostnad opptil 100 mill. kr. Her er det to grupper aktuelle tiltak som kan få dekka inntil 85% av prosjektkostnaden:
    1. tverrgåande tiltak (samanhengande tenester). Tiltak som gjeld dei sju prioriterte livshendingane i digitaliseringsstrategien blir prioriterte.
    2. Strategiske prioriterte fellesløysingar (plattformar, infrastruktur m.m.)

Tiltaka må dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame

Den samfunnsøkonomiske nytten er ofte avhengig av om mange nok verksemder/kommunar og/eller innbyggjarar tek løysinga i bruk. Tiltaka må dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame, og dei må levere ein forpliktande gevinstrealiseringsplan som syner gevinstar i eiga verksemd og andre statlege verksemder. Gevinstrealiseringsplanane skal vise både brutto og netto gevinstar, og det må gjerast greie for tiltak for å ta ut gevinstane. 

Verksemder som får medfinansiering får behalde 50 % av eigne netto gevinstar, dei øvrige 50 % skal takast ut som reduksjon i budsjettet. Dersom andre statlege verksemder i samarbeidet får netto gevinstar over 5 mill. kr i tiltaket si levetid skal 50 % av dette takast som reduksjon i deira budsjett.

Det kan kome endringar i retningslinjene for 2021.

Les mer og søk

Døme på tiltak som har fått medfinansiering tidlegare år

Kontakt