Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt

Medfinansieringsordninga blir frå 2020 eit viktig verkemiddel for å realisere regjeringa og KS sin Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019–2025.

Innhald

    Midlane blir lyst ut ein gong i året. Sju nye prosjekt har no fått endeleg tilsegn om midlar. To verksemder (Statens sivilrettsforvaltning og DFØ) har fått utsett frist for å levere gevinstrealiseringsplan for sine prosjekt, som skal godkjennast før dei kan få endeleg tilsegn om midlar.

    Sju av prosjekta er i kategorien tverrgåande prosjekt/ samanhengande tenester, to er i kategorien samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt innanfor ein sektor (Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard og Garantiinstituttet for eksportkreditt).

    Tildeling av medfinansiering 2020:
    Søkjar Prosjekt Førebels medfinansiering
    Statens Sivilrettsforvaltning (SRF) Vergemålsopplysninger integrert i Fullmaktsregister for Innbyggere (FUFINN) 21 000 000
    Digitaliseringsdirektoratet Oppgjør etter dødsfall/Tilrettelegging for sammenhengende tjenester 13 375 642
    Brønnøysundregistrene Selskapsetablering offentlig - privat 8 961 137
    Arbeidstilsynet Felles arkitektur for tilsynsmyndigheter 7 008 505
    Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav) Digitalisering av hjelpemiddelformidlingen i Nav og kommunene 41 000 000
    Direktoratet for e-helse Pilot Pasientens legemiddelliste 44 700 000
    Direktoratet for mineralforvaltning Digital konsesjonsbehandling 8 972 405

    Garantiinstituttet for eksportkreditt

    Felles kundegrensesnitt 4 800 000
    Direktoratet for forvaltning og økonomistyring KUDOS -  samling og tilgjengeliggjøring av  kunnskapsdokument i offentlig sektor 15 000 000

    Kva type prosjekt kan få midlar frå medfinansieringsordninga?

    Potten til medfinansiering vil gå til to kategoriar prosjekt:

    1. Små og mellomstore prosjekt som er samfunnsøkonomisk lønsame. Total prosjektkostnad må vere mellom 5 og 50 mill. kr.
    2. Prosjekt som støttar opp under målet om samanhengande tenester i regjeringa sin digitaliseringsstrategi, som er samfunnsøkonomisk lønsame og har total prosjektkostnad inntil 100 mill. kr., dvs.:
      • strategisk prioriterte fellesløysingar (plattformar, infrastruktur m.m.) 
      • tverrgåande tiltak (samanhengande tenester)

    Kven kan søke?

    • statlege verksemder som ligg under staten som rettssubjekt. Dette omfattar ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan med særskilte (budsjett)fullmakter.
    • kommunar/fylkeskommunar og statlege verksemder som er eigne rettssubjekt kan ikkje søke, men kan gjerne vere samarbeidspartar
    • frivillege organisasjonar og næringsliv kan vere samarbeidspartar

    Vilkår for medfinansiering

    • Medfinansieringen skal vere ein utløysande faktor, og prosjektet skal derfor ikkje vere komen i gjennomføringsfasen.
    • Prosjektet må vere samfunnsøkonomisk lønsamt og ha tilknytta gevinstar.
    • Små og mellomstore prosjekt må ha ein prosjektkostnad mellom 5 og 50 mill. kr (inkl. interne lønnskostnader).
    • Tverrgåande prosjekt og fellesløysingar kan ha ein prosjektkostnad opp til 100 mill. kr (inkl. interne lønnskostnader)
    • Medfinansiering kan gis i maksimalt tre budsjettår, men prosjektet kan gå over fire år.
    • Sjå retningslinene ovanfor for ytterlegare vilkår

    Kor mykje midlar kan eit prosjekt få?

    • Prosjekt i kategori 1, små og mellomstore prosjekt, kan få medfinansiering inntil 50 % av totale prosjektkostnader (inkl. interne lønskostnader), maksimalt 15 mill. kr. Total prosjektkostnad må vere mellom 5 og 50 mill. kr.
    • Prosjekt i kategori 2, tverrgåande prosjekt/livshendingar og fellesløysingar kan få medfinansiering inntil 85 % av totale prosjektkostnader. Total prosjektkostnad må ikkje overstige 100 mill. kr.

    Krav til søknader

    Ei statleg verksemd må stå som søkjar, andre kan vere samarbeidspartar. Prosjektet må vere ferdig med konseptfasen, men ikkje vere kome i gjennomføringsfasen. Prosjektet må vere samfunnsøkonomisk lønsamt. Før ein kan få endeleg tilsegn om midlar, må det utarbeidast ein forpliktande gevinstrealiseringsplan.

    Søknaden må innehalde:

    • Utfylt søknadsskjema
    • Vedlegg 1 – Føresetnader for kost- og nyttevurderingar
    • Vedlegg 2 – Berekning av netto noverdi

    Dersom tiltaket berører kommunane, skal KS involverast i utarbeiding av søknaden så tidleg som mogleg. KS skal ha frist på minimum 2 veker på å uttale seg, og uttalen skal følgje søknaden.

    Nærare om krav til søknaden finn de i Retningslinjer for ordninga fastsett av KMD 20. jan. 2020.

    Vurdering av søknader

    Søknader om midlar frå ordninga blir behandla i to trinn.

    Søknadane må stette alle formelle krav og blir deretter rangert ut frå samfunnsøkonomisk lønsamheit. Det blir lagt vekt på netto noverdi per krone investert samt kvalitative nytteverknader og interne gevinster. Det blir også lagt vekt på tiltaket si modenheit.

    For prosjekt i kategori 2 blir det også lagt vekt på i kva grad prosjekta støttar opp under regjeringa sin digitaliseringsstrategi. Tiltak knytta til dei sju prioriterte livshendingane i strategien blir prioriterte over andre livshendingar.

    Prosjekt som blir prioriterte for medfinansiering innanfor årets økonomiske ramme, vil få førebels tilsegn om midlar.

    Verksemdene som har fått førebels tilsegn om midlar i trinn 1, må levere ein forpliktande gevinstrealiseringsplan innan ein gitt frist. Gevinstrealiseringsplanen skal ta utgangspunkt i den samfunnøkonomiske analysen i søknaden. Andre statlege verksemder som får vesentlege gevinstar må involverast i planarbeidet. Dersom gevinstar kjem i  kommunesektoren, må KS involverast. Når planen er godkjent, vil prosjekteigar få eit endeleg tilsegnsbrev.

    Krav om gevinstrealisering

    Prosjekta som får førebels tilsegn om midlar må levere ein gevinstrealiseringsplan før dei får endeleg tilsegn.

    Gevinstrealiseringsplanen skal vise gevinstar i eiga verksemd og i andre statlege verksemder og kommunar.

    Det er eit krav at 50 % av netto gevinst i søkjarverksemda skal realiserast ved reduksjon av budsjettramme. Netto gevinst betyr gevinst fråtrekt varige driftskostnader med ny løysing. Andre statlege verksemder med netto gevinstar over 5 mill. kr. får også 50 % kutt i sine budsjettrammer. 

    Gevinstrealiseringsplanane skal vise både brutto og netto gevinstar, og det  må gjerast greie for tiltak for å ta ut gevinstane. Døme på det kan vere nedbemanning, omrokering av personell og oppgåver, endra arbeidsprosessar og informasjonstiltak og opplæringstilbod til dei som skal bruke løysingane. Den samfunnsøkonomiske nytten er ofte avhengig av om mange nok verksemder/kommunar og/eller innbyggjarar tek løysinga i bruk.

    Verksemdene må i tillegg gjere greie for korleis dei vil følgje opp og måle at gevinstane blir realisert, til dømes gjennom statistikk over bruk, spørjeundersøkingar osv.

    Kontakt

    Elin Oksavik

    Seniorrådgiver
    Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon
    +47 902 24 846