Hopp til hovudinnhald

Kva er klart språk i digitale tenester?

Klart språk i digitale tenester handlar om å skape ein enklare digital kvardag med klart språk som viktigaste verktøy.

Klart språk i digitale tenester handlar om eit tettare fagleg samspel mellom klart språk, universell utforming og tenestedesign, slik at at brukarane skal kunne finne det dei treng, forstå det dei finn og få gjort det dei skal. Det må til om vi skal skape ein enklare digital kvardag og éin digital offentleg sektor for brukarane, anten dei er ein innbyggar, næringslivet eller tilsette i ei anna offentleg verksemd.

Meir enn nettstader

Digitale tenester er meir enn nettstader. Digitale tenester handlar også om det «under panseret», som søknadsprosessar, sakshandsaming, brev og dokumentasjon. Klart språk i digitale tenester handlar om korleis vi kan løyse arbeidsoppgåvene meir effektivt og kommunisere betre digitalt.

Når vi utviklar nye tekniske system og arbeidsprosessar, bør klart språk vere ein naturleg del av arbeidsmetodikken hos både prosjekteigarar og leverandørar. Det offentlege må i større grad etterspørre klart språk i innkjøpsprosessen, medan leverandørane i større grad må tilby kompetanse på klart språk i sine tilbod.

Klart språk må altså vere ein naturleg del av det verksemda driv med, på same måte som programmering eller design.

Vil du snakke med oss om klart språk i digitale tenester? Ta kontakt!

Onar Aanestad

Informasjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 92 42 66 31