Hopp til hovudinnhald

Bruksområdet gjeld næringslivsskjema og innbyggarskjema på offentlege nettsider.

Ikkje lenger standard i Referansekatalogen.

Eit skjema er definert som ei samling av spørsmål og forklaringar som under eitt namn legg til rette for å oppgje eit avgrensa sett med opplysningar på vegner av ein avsendar i ein leveranse eller ei sending. Bruken er avgrensa til skjema tilpassa skjermar på ein pc eller tilsvarande.

MERK: Retningslinjene Elmer 1 og Elmer 2 har lenge vore under utfasing. Ved større endringar eller ved publisering av nye skjema skal derimot Elmer 3.0 leggjast til grunn. Det er anbefalt å fase ut dei eldste skjemaa etter Elmer 1 og 2 ved første høve.

Ein obligatorisk standard skal følgast med mindre du fell inn under ei unntaksordning i forskrift.

Det er obligatorisk å publisere næringslivsskjema på offentlege nettsider (meint for PC-skjerm eller liknande) i tråd med retningslinjene Elmer 2.1. «Skal-krava» i retningslinjene vert sett som obligatoriske, medan ”bør-krava” i retningslinjene vert sett som anbefalingar. Krava for næringslivsskjema vart innførte 10.09.2013.

Det er anbefalt å publisere innbyggarskjema på offentlege nettsider (meint for PC-skjerm eller liknande) i tråd med retningslinjene Elmer 2.1. Eit skjema som er meint både for innbyggarar og næringslivet må følge krava for næringslivet sidan dei er strengast. Anbefalingane for innbyggarskjema vart innført 30.10.2012.

Heimel

Forskrift om IT-standardar i offentleg sektor.

Overgangsordning: Forvaltingsorgan skal oppfylle Elmer 3.0 på best passande tidspunkt, og seinast ved første nødvendige utskifting og vidareutvikling som krev gjennomgripande endringar i eksisterande løysingar.

Rettleiar

Brønnøysundregistra har ansvaret for å forvalte Elmer-retningslinjene. Dei har også kurs i og rettleiing rundt temaet.